Heilårsveg over Strynefjellet
Ved bygging av heilårsvegen over Strynefjellet var det behov for ein lokal betongleverandør. Trygve Hagen og Svein Yri greip sjansen og skipa Stryn Betong AS i mai 1976. Anlegget vart satt opp i Hjelledalen for leveranse av ferdigbetong til tunnelane over fjellet. Tre mann vart tilsett, Gunnar Skarstein med ansvar for betongblanding, Jon Skåre var sjåfør og ansvarleg for sikteanlegget, og tredjemann Kjell Aaning var sjåfør og ansvarleg for bilane. Dagleg leiar i oppstartsfasen var Trygve Hagen.
Hagen og Yri
Eigarane var dei to selskapa Gustav og John Hagen og Svein Yri AS som kvar eigde 49 prosent, samt dagleg leiar Trygve Hagen og revisor Knut Breyholtz som sat på ein prosent kvar. Seinare gjekk Mathias Borg inn som hovudaksjonær. Det første styret var samansett av Svein Yri, Knut Breyholtz, Trygve Hagen og Jørn Sindre Amundsen som representant for selskapet Gustav og John Hagen.
Betong og elementfabrikk
Hausten 1978 vart anlegget flytta til Øvreeide, fem kilometer aust for Stryn sentrum. Arne Hool vart tilsett som dagleg leiar i halv stilling.
Nytt ferdigbetonganlegg stod ferdig hausten 1986 i Loen, no samlokalisert med betongelementfabrikken. Då starta leveranse av betong til elementproduksjon, samtidig som leveransen av ferdigbetong på bil heldt fram.
Etter flytting bestod styret av Matias Borg, Svein Yri, Idar Berget og Trygve Hagen med Gunnar Skarstein som dagleg leiar.
Selskapet er i dag eigd av Opseth Invest AS.